19 deltakarar frå kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Rauma kursar seg i kjellaren i Herøy kyrkje for å kunne instruere eldre i funksjonelle øvingar. Målet er auka livskvalitet for dei over 80.

Sterk og stødig

Pensjonistar frå fire kommunar utdannar seg i Herøy kyrkje. Målet er å hjelpe
eldre til å klare seg sjølve betre og lenger i livet.

Gruppa på 19 i gymsalen i Herøy kyrkje er samla i ring. Dei går ned i knebøy. Og opp igjen. Når instruktørane gir beskjed, strekkjer dei armane sidevegs i vêret. Og til andre sida.

– Ein god del eldre har behov for styrke- og balansetrening, som gjer at dei kan klare seg betre i sine eigne heimar lenger. Det seier leiar i Herøy eldreråd, Arve Moltubakk.

– Talet på eldre i Noreg, og særleg dei over 80, vil nær doble seg innan 2040, og det vert økonomisk utfordrande å ta seg av så mange, legg den tidlegare banksjefen til. Med det som bakgrunn tok eldrerådet kontakt med fysioterapitenesta i Herøy for å prøve å utdanne instruktørar til grunnundervisning i funksjonelle treningsmetodar for eldre.

I sin beste alder

Dei frivillige som deltek på tredagarskurset for seinare å kunne stå for undervisninga, er alle pensjonistar.

– Pensjonistar i sin beste alder, påpeikar Moltubakk. Han seier kurset rettar seg mot å hjelpe to av tre grupper pensjonistar over 80: Den største gruppa, som klarer seg godt heime sjølve, samt gruppa som klarer seg heime med litt hjelp.

Frå Trondheim Fysioterapitenesta i Herøy engasjerte treningsgruppa Sterk og stødig i Trondheim kommune, som er på plass med to instruktørar i Herøy kyrkje. Ein av dei er fysioterapeut Elin Simonsen.

– Målgruppa Sterk og stødig er retta mot er heimebuande eldre som begynner å merke at dei er ustø eller har balanseproblem, men som framleis klarer seg godt i eigen heim. Øvingane har hovudvekt på styrketrening i underkroppen og balansetrening, og skal drivast av frivillige instruktørar, som no er på kurs her. Dei får oppfølging av fysioterapeut i kommunen, fortel ho. Tilbodet har vore i ordinær drift i ti år i Trondheim, og er no spreidd til 26 kommunar i fleire delar av landet. I Trondheim vert åleine 21 treningsgrupper drivne av frivillige pensjonistar. Pensjonistforbundet, Trondheim kommune og NTNU er likeverdige partnarar i samarbeidsprosjektet. Det er Helsedirektoratet som sponsar spreiinga av senioraktiviteten. I Sande og Herøy er håpet å starte opp eit treningstilbod til hausten.

Førebygging Dei melder seg kjapt når vi ber eit par lokale representantar fortelje om deltakinga på kurset. To engasjerte damer seier ja, og får innvilga ein liten pause frå treninga.

– Eg har vore med i ei trimgruppe på Larsnes for 60-65-åringar og oppover, der fysioterapeuten ønskte fleire deltakarar. Det er også for å få eit litt utvida perspektiv på trimmen for eldre. Eg har ikkje mykje føresetnader, men synest det er spennande og utfordrande, seier Astri Bente Sandvik (65) frå Larsnes. Marit Jordan Lyster (71) frå Leikong har leia ei sitjetrimgruppe på omsorgssenteret i Myrvåg, og vart oppmoda om å stille på kurset. Ho er elles leiar i seniordansen i Herøy, der øvingane også kjem til nytte.

Marit Jordan Lyster (71) frå Leikong og Astri Bente Sandvik (65) frå  Larsnes

– Nokre kan tenkje at dei er for spreke og ikkje treng trimmen. Men det gjer du, for det med balanse og sånne ting, det dett og dett, seier Lyster. Både ho og Sandvik vil absolutt ha med fleire, men trur nokre ser det som ei kneik å delta i trimgrupper.

– Passe krevjande

Og øvingane er passe krevjande, meiner dei to damene, når vi kjem innom på kursdag nummer to.

– Det er gode øvingar. Vi var her i går, og vi kan kjenne litt på det.

– Det er vel slik det bør vere?

– Jadå!

– Men på same tid er det ikkje fysisk tungt. Du bruker ikkje så mykje pusten, det går mest på muskulaturen.

– Balanse, det er viktig, seier dei, og tek opp det å unngå fall og potensielt beinbrot.

– Det er lettare å førebyggje enn å reparere, og det kan spare samfunnet for masse pengar, avsluttar dei ivrige damene før dei får returnere til gymsalen.

0 resultater