Byr inn til valmøte

Stranda pensjonistlag byr måndag 19. juni inn til valmøte på kulturhuset

Stranda pensjonistlag byr måndag inn til valmøte på kulturhuset. I panelet sit fem kandidatar som til hausten skal kjempe om stortingsplass frå Frp, Ap, KrF, Høgre og Senterpartiet. – Slik eg vurderer det, har vi fått tak i kampkandidatane i fylket – altså at ingen av dei er på sikker plass til hausten, seier leiar i Stranda pensjonistlag

Jeppe Jelle. – Fire av dei fem kan bli valdt, men kven av dei, seier han. Blant temaa politikarane skal få bryne seg på, er mellom anna spørsmålet om Pensjonistforbundet skal ha forhandlingsrett under trygdeoppgjeret, utbetalingsslipp på papir og tannhelse for alle.

0 resultater