Med sine 289 medlemmar er Stranda Pensjonistlag det tredje største laget i Møre og Romsdal. 43 prosent av dei over 67 år er medlemmar. I tillegg kjem laga i Sunnylven og Liabygda. Laget har månadlege samlingar med aktuelle

–Må førebu eldrebølga

Det blir ein aukande skilnad mellom talet på pensjonistar og dei yrkesaktive i Stranda innan 2040.

Fylkessekretær Rolf Bjørseth i Pensjonistforbundet, meiner det er alvorleg når talet på pensjonistar aukar, medan talet på yrkesaktive går ned.

- Veksten i dei som er over 67 år vil auke sterkt medan talet på dei i yrkesaktiv alder mellom 16 og 65 går raskt ned. Det vil by på store økonomiske utfordringar for kommunen, meiner Rolf Bjørseth. Han er fylkessekretær for Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal.

Aktivt lag

Bjørseth besøkte sist veke det aktive Stranda pensjonistlag, som har sett framtidas eldreomsorg på dagsorden. Rundt 80 medlemmar tok del på samlinga, som har eit sterkt sosialt tilsnitt.

Med støtte i offentleg statistikk meiner Bjørseth at det vil vere nærare 400 eldre over 80 år i Stranda i 2030. Det vil vere behov for hundre institusjonsplassar. Ti år seinare, i 2040, vil det vere behov for 111 institusjonsplassar i kommunen.

Må planleggje

- Det er ikkje lenge til dette. Eg trur Stranda kommune må planleggje veldig godt for å møte denne situasjonen. Diverre er det slik med dei fleste av oss av vi ikkje planlegg pensjonisttida godt nok, seier Bjørseth til Sunnmøringen.

 Bjørseth meiner kommunen ikkje klarer denne oppgåva åleine. Nye aktørar, offentlege og frivillige, må kome på banen. Særleg eldreråda i kommunane må spele ei aktiv rolle. Også Pensjonistforbundet har etablert eit prosjekt i samarbeid med fylkeskommunen.

 Etter nye føreskrifter har administrasjonssjefen i kvar kommune eit juridisk ansvar for at brukarane skal få det tilbodet dei har krav på.

Rådmannen ansvarleg

- Han kan forfølgjast rettsleg. På den måten hindrar ein at ansvaret pulveriserast, seier Bjørseth til Sunnmøringen, og syner til den nye lova om pasient- og brukarrettigheter der det står at: «Pasient eller bruker har rett til opphold i sykehjem eller tilsvarende bolig særskilt tilrettelagt for heldøgns tjenester dersom dette etter en helse- og omsorgsfaglig vurdering er det eneste tilbudet som kan sikre pasienten eller brukeren nødvendige og forsvarlige helse- og omsorgstjenester».

Eit av tiltaka for å sikre ein forsvarleg eldreomsorg er å ta i bruk velferdsteknologi. Det kan vere alt frå smarttelefonar til det vi opplever som ekstremt, robotdusjar.

Rådgjevar-Tone Bye i Pensjonistforbundet snakka seg varm om velferdsteknologi, som er eit av verkemidla eldre må ta i bruk for å få ein god alderdom.

- Men i botnen av all bruk av teknologi ligg «dei varme hender», haldningar, sa rådgjevar Tone Bye i Pensjonistforbundet under samlinga.

- Vi må førebyggje slik at vi ikkje hamnar på sjukehus. Dermed må vi prioritere risikorydding. Hiv ut teppe som du kan stompe i og brekke lårhalsen. Ha betre lys, monter sklisikring. Er du uheldig, gjer alt for å bli rehabilitert. Kommunen må leggje til rette for dette, sa rådgjevaren i sitt friske innlegg.

0 resultater