Aksjon Laila Hansen (th) støtter gjerne pensjonistane i kravet om å få lønnsslippen sin på papir. Midten: Jeppe jelle og Birgit Hovde (tv). Foto: Johan Behrentz

Vil sjå slippen sin

Stranda-pensjonistar protesterer mot at lønnslippen berre kjem på data.

- Alle har rett på å få lønnsslippen på papir. Ikkje alle pensjonistar nyttar data, og når ein må gå inn på NAV sine sider for å sjå kva ein får i lønn, er han ikkje tilgjengeleg for alle.

Landsomfattande

Det seier leiaren i Stranda pensjonistlag, Jeppe Jelle, til Sunnmøringen. I ettermiddag står medlemmar av det aktive pensjonistlaget på Rema 1000 og oppmodar kundar til å vere med på ein aksjon, som går ut på å sende postkort om saka til NAV. Dette er ein del av ein landsomfattande aksjon i regi av pensjonistforbundet.

Solidarisk

-Ein treng ikkje sjølv å ha trong for å få lønnsslippen på papir. Det er nok at ein er med å støttar dei som ikkje har tilgang på data, seier Jelle, som hevdar at han har fått stor støtte frå mange unge menneske. Dei treng ikkje lønnsslippen på papir sjølve, men vil støtte dei som treng det.

Det er Laila Hansen samd i. Ho skriv gjerne postkort om saka, sjølv om det er nokre år til ho kan heve lønn frå pensjonen.

-Er det ikkje mange pensjonistar som allereie brukar data i kvardagen, Jeppe?

Sett utanfor

Vaflar Anna Sylte (tv) og Birgit Hovde (th) lagar vaflar til kundar på Rema1000. Foto: Johan Behrentz

-Ein del er det, og med tida blir det sikkert fleire. Men framleis har mange av oss ikkje data. Etter at NAV la om rutinane sine i desember, står vi utan lønnsslipp. Det er jo slik at vi alle er ansvarlege for å følgje med om vi får det vi har krav på frå NAV. Er det feil, har vi oss sjølve å takke. Men mange av oss blir sette utanfor denne kontrollen, meiner Jelle.

0 resultater