Referat frå styremøte på Håbakken 4.april 2017

Planleggjing av hausten 2017

Styremøte tysdag 4. April 2017 på Håbakken

Desse møtte : Dagfinn Tufte, Anders Mo, Hans Hagheim, Ingrid Thyri, Ingrid Bjørkum, Anna Kristine Damstuen og Anne Marie Hovland

 

Leiar ynskte velkomen med spesiell helsing til dei nye.. " Fadderen " vår, Kolbjørn Kastet, er truleg på veg ut, og me ventar på ny. Det kunne vera kjekt å få hjelp frå denne ved eit høve.

 

Planleggjing av hausthalvåret:

 

Møtelokale: Mange klagar på trappa her på Håbakken og ynskjer eit anna møtelokale. Det er ikkje lett å finna andre, spesielt om vinteren. Til hausten vil me prøva eit møte på Lærdalsøren Hotell .

 

12. September, møte på Håbakken

10.oktober, møte på Lærdalsøren

14. November, møte på Håbakken

Desember felles julemøte med LHL på Laksen?

 

Samarbeid med Eldrerådet, korleis kan det verta betre? Dei som får innkalling til møte i Eldrerådet bør informera styret om saker Pensjonistlaget bør ta stilling til.

 

Moldebo ca 25 deltakarar. Gå frå Ekornbu og fram til Moldebo. Dette vert den 23. Mai. Matserveringa vert betalt av laget. Påmelding til Dagfinn og Ingrid B. gi melding om ein kan køyra.

 

Dagfinn overrakte gåve frå Fylkeslaget til Anders med takk for dei åra han har vore varamedlem i fylkesstyret.

 

Tema på Fylkesårsmøter: Kontingentreglar og trong for medlemsauke.

Fylkesstyret budsjetterer med underskot.

 

Direktemedlemar frå Fagforbundet og sentrale medlemar. Skal me gjera noko for å få desse med i lokallaget?

 

Pensjonistlaget eig høgtalar, mikrofonstativ med mikrofon, sangbøker store og små.  laget har ein bankboks der Ingrid T og Dagfinn har nøklar.

 

Meld frå til leiaren om medlemmar av styret ikkje kan møta. Styret hjelper til under avviklinga av møtet, greitt å kunna vita kven ein har til hjelp.

 

Referat frå styremøte vert lagt ut på sida vår hjå Pensjonistforbundet - Hans får papir i posten.

 

Invitasjon til maimøtet vert sendt ut ca 10.mai.

0 resultater