DEN USYNLEGE OMSORGA MÅ BLI MEIR SYNLEG

Johannes J Vaag frå Surnadal er tidlegare mangeårig styremedlem i Pensjonistforbundet Møe og Romsdal og har forfatta dette innlegget.

Kommentator Helene Skjeggestad seier det slik i ein kronikk i Aftenposten 26. oktober 2016: «De pårørende redder den norske velferdsstaten. Men de får ikke den støtten de trenger.»

Alderdommen blir først og fremst levd ut heime, og der er det varme hender som aldri finn vegen inn i eit helse- og omsorgsbudsjett.

Johannes J Vaag

Familieomsorga, eller skal vi seie pårørandeomsorga, blir ikkje skjeldan kalla for «den usynlege omsorga». Pårørandealliansen – ein paraplyorganisasjon som skal ivareta dei pårørande sine interesser og rettar – har likevel freista å talfeste kor mykje omsorg dei pårørande yter. All omsorg som blir gjeve av pårørande, utgjer i deira rekneskap 110.000 årsverk, eller nærare 40 milliardar kroner i året. Dette tilsvarar om lag 50 prosent av all kommunal omsorg. Dette er kjempemessige summar!

No skal ein vere særs varsam med å bruke slike omtrentlege berekningar. Dei refererte tala gjeld dessutan all omsorg, ikkje berre for aldrande foreldre. To tilhøve synest likevel å vere klåre: Familien dekkjer eit stort pleie- og omsorgsbehov når eit familiemedlem blir eldre og pleietrengande. Dette behovet blir meir omfattande når eldrebølgja sett inn for fullt. Dit er vi ikkje komne enno.

I landet vårt tek det offentlege på seg eit stort ansvar, men alle som har ein slektning som har blitt eldre og pleietrengande, veit dette: Det er grenser for kva det offentlege kan gjera. Har ein hjelp heime i ein time om dagen er det framleis 23 timar igjen som skal dekkast opp.

Kommentator Skjeggestad seier det slik: «Det finnes mange ulikheter ved det å være pårørende, men ekspertene er enige om en ting: Som pårørende er ens egen helse veldig utsatt. Det gjelder særlig den psykiske helsen».

Einskilde omsorgspersonar kan kome opp i tøffe kryss/press-situasjonar. Dei føler dei skulle ha vore på fleire stader til same tid. Døme her kan vere kvinner med omsorg for små barn og som samstundes har pleie- og omsorgstrengande foreldre. Dei kan på same tid ha ein krevjande jobb som krev full innsats av vedkomande. Da er det ikkje så lett.

I min heimekommune Surnadal vil det bli fleire eldre. Tal frå hausten 2014 viser at det er fire personar i arbeidsalder (16-67 år) for kvar person over 67 år i Surnadal. Prognosar viser at fram mot 2030 vil dette nærast halverast, altså at det blir berre to i arbeidsalder for kvar person over 67 år. Tenk på det!

Surnadal kommune ønskjer ei vriding frå institusjonsdrift til meir førebyggjande/heimebasert omsorg. Dei folkevalde har tatt sine grep i denne samanheng. Stangvik aldersheim med sine 15 institusjonsplassar er forlengst nedlagd. Nedlegging av institusjonsplassar har ikkje stogga opp med det. I ein slik situasjon er det viktig at kommunen styrkjer den heimebaserte omsorga i tilstrekkeleg grad. Meir bruk av teknologi høyrer med i ein slik samanheng. Vidare bør budsjettposten for omsorgslønn aukast. I Surnadal, som i mange andre kommunar, er denne budsjettposten liten, vil eg tru.

Ein aktiv kvardag i trygge omgivnader er viktig for dei eldre. Det er helsebringande, både fysisk og psykisk. Familienettverket kan også lettare trø til når dei eldre bor heime. Da er det viktig at det blir lagd opp til at dette kan skje på på ein god måte, ikkje minst for dei pårørande sin del.

 

Johs. J. Vaag

0 resultater