Årsmøte 2017

Her kan du lese frå årsmøtet 2017

Årsmøte i Indre Herøy pensjonistlag

Torsdag 2 februar 2017 vart det halde møte på Myrvåg barne- og ungdomsskule i Myrvåg. Leiar Solfrid ønskte alle velkomne, og ein ekstra velkomst gjekk til Annica Nilsen og Elisabeth Frøystad Husøy som skulle underhalde, og til leiaren i fylkeslaget, Jakob Strand. Vi er inne i årstida vinter, men ute har vi hatt det mildt og fint, og difor passa det bra å starte med «No livnar det i lundar». Elisabeth spelte til alle allsongane på møtet.

Så var det klart for årsmøtet 2016. Randi Ramstad har sagt frå seg attval til styret. Anna Aasmo vart valt til nytt medlem. Det vart bestemt at ho skal ta over som kasserar etter Ranveig Gjerde. Ranveig blir no nestleiar. Gerd Nordal Hansen blei valt som sekretær for to nye år. Styret er no slik samansett: Solfrid Hagemann - leiar (ikkje på val), Ranveig Gjerde -nestleiar, Anna Aasmo - kasserar (valt for to år), Gerd Nordal Hansen - sekretær (valt for to år). Anne Mari Tjervåg og Ingrid Måløy held fram som styremedlemmer. ( Dei var ikkje på val). Perry Jarnes held fram som varamedlem til styret (ikkje på val).

Ranveig gjorde greie for rekneskapet, og Gerd las årsmeldinga. Både rekneskap og årsmelding blei godkjende.

Så var det tid for vanleg pensjonistmøte. Vi starta med å synge «Sov du vesle spire ung». 12. januar døydde ein av medlemmene i laget, Solveig Sandvik. Forsamlinga minnast henne ved å vere stille i eitt minutt. « Ord for dagen» var denne gongen ved Else Rødskar. Ho har skrive dikt i 25 år og har no fått utgjeve desse i eit hefte med tittelen «I Guds omsorg». Nokre av desse dikta delte ho med forsamlinga. Så var turen komen til Annica og Elisabeth som underheldt oss med song og musikk. Dei starta med «Vår beste dag» av Erik Bye, og heldt fram med fleire songar. Leiaren kom så med nokre opplysningar. Turnemnda for pensjonistlaga i Herøy har hatt møte. Frå pensjonistlaget i indre møtte Solfrid og Ranveig, og frå pensjonistlaget i ytre møtte Terje og Randi. Turen til sommaren går i år til Alnes på Godøya, og det blir også ein tur på Fjellstua i Ålesund denne dagen. Solfrid opplyste om at ho hadde fått ein E-post frå Aasen-tunet om aktuelle arrangement. Det blir ikkje sett opp felles skyss til desse arrangementa.

Etter at bordverset var sunge, var det tid for servering av kaffi og mat. I pausen var det også åresal og trekking av gevinstar.

Så var det tid for å synge «Gryta hennar mor» før utdeling av heidersbevis til dei som har vore medlemmer frå 2003, 2004, 2005 og 2006. Det var i alt 14 medlemmer som har gjort seg fortent for heidersbevis. Ingrid Måløy, Ranveig Antonia Gjerde, Perry Jarnes og Jarle Muren var på møtet og fekk tildelt bevis. Turid Sportsstøl tok i mot bevis på vegne av mannen, Kjell Sigurd Sportstøl. Jakob Strand delte ut diplom og smykke (til damene) og pins (til mennene). Jakob Strand, leiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, fekk så ordet. Han la vekt på kor viktig arbeidet i lokallaga er, og kva laga kan gjere for rettigheiter i samband med heimebasert omsorg og sjukeheimsplsar.

Så var det meir song og musikk av Annica og Elisabeth. Dei framførte no «Blå salme» av Erik Bye og «Siste song» av Hekla Stålstrengar. Det vart så teke bilete av dei som hadde motteke heidersbevis og også av styret i pensjonistlaget. Solfrid delte deretter ut blomster til Elisabeth og Annica, til Else Rødskar og til Jakob Strand. Gerd og Anne Mari fekk kvar sin presang fordi dei stiller opp og ordnar med kaffi og mat på pensjonistmøta. Det blei så sunge «Barndomshjemmet», og møtet blei på tradisjonelt vis avslutta med «Fager kveldsol smiler». Solfrid takka så for frammøtet og ønska alle vel heim.

0 resultater