Årsmøte 2017

Her kan du lese referat og årsmelding

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I STRANDA PENSJONISTLAG 21.02.2017

Det vart avhalde årsmøte i samband med medlemsmøte på Kulturhuset. Tidlegare på dagen var det kurs i organisasjonskunnskap på Møteplassen der Harald Normann frå Pensjonistforbundet var kursleiar. Frå nabobygdene deltok pensjonistlaga på kurset, og ein del av dei saman med kursleiar var med på årsmøte/medlemsmøtet, noko som vi synes var svært triveleg. Totalt var det om lag 80 personar på møtet.

 

Lagsleiar J, P. Jelle ønskte velkomen.

  1. Innkalling godkjent.
  2. Sakliste godkjent.
  3. Jens Petter Jelle valgt som ordstyrer.
  4. Jan Inge Langlo valgt som skrivar.
  5. Valgt til underskrift av protokoll Jens Petter Jelle og Eli Ann Langlo.
  6. Jens Petter Jelle las årsmelding for 2016. Under punkt pengegåver vart Den Gylne Spaserstokk retta til: Den Kulturelle Spaserstokk. Med denne rettelse vart årsmelding godkjent. Medlemstal i 2015 var 215 mot 268 ved årsslutt i 2016. Ein flott auke.
  7. Vivian Jelle gjennomgjekk rekneskap for 2016. Revisjonsberetning vart opplesen. Rekneskap/revisjonsberetning godkjent.
  8. Kontingent for 2018 godkjent til kr. 295,- (kr. 50,- til lokallag).
  9. Val gjennomført og vart som framlegg frå valnemnda. Oppsett vedlagt. Val godkjent.
  10. Utsendingar til fylkesårsmøte på Molde 8. og 9. mars Jens Petter Jelle, Vivian Jelle, Eli Ann Langlo og Jan Inge Langlo.

Alle val var samrøystes.

P. S.

Harald Normann komenterte årsmøtet, og gav ros for vel gjennomført. I samband med framsyning av film frå pensjonistmøte på Møteplassen i 1989, meinte Normann at protokollen frå dette møtet kunne være interessant for Pensjonisforbundet å få utskrift av.

0 resultater