Rypdalselva

Årsmelding 2016

Her kan du lese lagets årsmelding for 2016

 

                   Årsmelding Tresfjord pensjonistlag

I 2016 har det vore halde 7 vanlege medlemsmøte. I tilleg hadde vi som vanleg julebord i lag med  Grendalaget  på Ridderkroa. Så hadde vi og i staden for medlemsmøte eit besøk på Romsdalsmuseet på Molde.

Vi har og hatt to styremøte. Årsmøtet vart halde 5. februar før det vanlege medlemsmøtet. Vi hadde og eit ekstraordinært årsmøte 4. mars  for å godkjenne rekneskapen.

Dei som har gitt oss musikalsk underhaldning på medlemsmøta, er utanom Grendalaget, Magne Steinsvoll, Sven Åge Falch, Britt Elise Skram, Ingrid Skavnes, gruppa «Litt tå kvart», Magnar Vikenes, Hallstein Steinnes. Foredragshaldarar har vore Bjørn Steinar Skarbø, Ottar Befring, Lars Frisvold, Guttorm Kjelsvik, og Roald Fiksdal.

Vi har hatt to sammøte med dei andre pensjonistlaga i Vestnes på Vestnes.

Så inviterte vi eldrerådet i Vestnes til møtet vårt 8. april.

Knut Romestrand var utsending frå laget til fylkesårsmøtet for Møre og Romsdal pensjonistforbund i Molde.

Peder Kjersem og Gunnar Daugstad har vore utsendingar til eldrekonferanse i Molde.

Til møtet vårt  4. november vart vi bedde til Jan Arvid Sylte og Randi Rønnestad for å sjå samlinga dei har laga til i den gamle løa si. Der var mykje interessant og sjå, og glimrande forhold for mimring om gamle tider.

Pensjonistlaga i Vestnes arrangerte tur til Gurispelet på Smøla 15/7 til 16/7 med overnatting i Kristiansund.

Dei som har vore i styret er Knut Romestrand, Gunnar Daugstad, Peder Kjersem, Kirsti Skjegstad, og Ivar Arne Gjeitnes. Knut Romestrand har vore leiar, Gunnar Daugstad nestleiar og Peder Kjersem kasserar. Vi har hatt 32 betalande medlemmer

0 resultater