Ottar Befring

Folketrygda er 50 år og Pensjonistforbundet er 66 år!

Første januar var det 50 år sidan ”Lov om Folketrygd” vart sett i kraft i Norge.

Første januar var det 50 år sidan ”Lov om Folketrygd” vart sett i kraft i Norge. Folketrygda er ei obligatorisk trygdeordning som omfattar oss alle, og kan med rette kallast ein berebjelke i velferdsstaten Norge. Det var eit stort løft den gongen, men lova gav rettmesige pensjonar til dei mange som ikkje hadde hatt lønna arbeid utanfor heimen, og uføre som var utestengde frå arbeid. Trygda er seinare utvida og omfattar  økonomisk bistand ved sjukdom, svangerskap og fødsel, arbeidsløyse og mange andre ordningar. Det er all grunn til å feire jubileet og Pensjonistforbundet markerte dette på sitt 65 års jubileum i tusenårsbyen Sarpsborg i fjor. Sjølvsagt skal vi heidre dei politikarane som førte lova fram, men det er og grunn til å gi ros til pådrivarane. Her kjem Pensjonistforbundet i første rekke!

1 august 1951 vart ”Norsk Forbund for Alderstrygdede og Pensjonister” skipa i Moss med Ludvig Hansen frå Sarpsborg som første formann. Like etter kom det ut ei avis ”Pensjonisten”  for å nå ut til medlemmene med informasjon. Bjarne Nygård, journalist i Sarpsborg Arbeiderblad tok jobben, og var gratisarbeidande redaktør i 23 år!  Det nye forbundet tok straks kontakt med Sosialdepartementet, og fekk møte med sosialminister Aaslaug Aasland. Forbundet var opptatt av : ”Økning av friinntekten ved siden av pensjonen, økte tillegg til alderstrygdens grunnsatser, forhøyelse av alderstrygdens laveste satser og boliger for eldre”! I den tida var det krevande mål, men delegasjonen fekk lagt fram si sak og vann gehør hos Statsråden.

I 1962 vart formannen i Pensjonistforbundet Karl Onsager og Rolf Strand frå LO medlemer i pensjonskomiteen som skulle vurdere framtidige ordningar for alderstrygda og andre pensjonsformer. Det var forarbeidet til folketrygda! Eit krevande og omfattande arbeid vart gjort, og det førte fram. Med grunnlag i innstillinga la regjeringa Gerhardsen 1 april 1964 fram stortingsmelding nr 75 ”Om Folkepensjon”! 4 februar i 1966, no med Per Borten som statsminister, vart Odelstingsproposisjonen ” Om lov om folketrygd” lagt fram, og 17 juni 1966 vart så lova om folketrygd vedtatt samrøystes i Stortinget! Ein lang kamp var vunnen og lova vart sett i kraft 1 januar 1967!  Norsk Pensjonistforbundet som var namnet frå 1965, hadde vunne fram hos politikarane og folket i Norge!

66 år er ingen høg alder for ein organisasjon, men så er det heller ikkje så lenge vi har hatt ordna forhold for eldre, eller skal vi seie; ein aktiv politikk for eldre! Dei første åra vart brukt til å bygge opp ein landsomfattande, slagkraftig organisasjon og som vi veit er ikkje det enkelt her i landet. I juni 1953 samla pensjonistane seg om ein felles politikk og organisasjon.  Det  vart organisert lokallag og fylkeslag med medlemer frå fagforeningar og lokalmedlemmer. Alle tilslutta fylkeslag. Viktige saker var kommunal heimehjelp for eldre, fotpleie, besøksteneste, matombering til heimebuande eldre, og ikkje minst opprusting av ”gamleheimane”. Vi ville ha sjuke- og pleieheimar med medisinsk personale. Oppretting av Nasjonalt Gerontologisk Institutt var ei fanesak.

Neste mål mellom mange andre oppgåver, var å få forhandlingsrett med Regjeringa. Mange års iherdig innsats førte fram og i 1979 vart den protokollen underteikna som ga Norsk Pensjonistforbund slik forhandlingsrett. Likevel starta 1990 med dramatikk om eldreomsorga i Oslo. ”Sviket mot de gamle er politikernes ansvar” skreiv Pensjonisten i eit knallhardt oppgjer med politikarane. ” Tilgi dem ikke , for de bryr seg ikke om eldre og syke”, tordna Per Hovda i eit debattprogram med polikarar på NRK. Saman med Rolf Hagnar sette han ord på dei eldre sine tankar. Det fekk dei Fritt Ord hederspris for! Kampanjen som fylgde hadde oppropet: ”Bli slem. Det er altfor mange snille, gamle mennesker i Norge”!  ” Må vi bli slemme for å bli hørt med vårt rop om solidaritet mellom generasjonene”, skreiv leiaren i Norsk Pensjonistforbund Einar Strand og svara sjølv: ”Ja, jeg tror det – dessverre. Derfor bli slem”!

I 2000 var det tid for eit nytt oppgjer med politikarane om korleis pensjonistane hadde tapt økonomisk i utgreiinga: ”Folketrygden – Politisk løftebrudd mot Pensjonistene”! Utgreiinga viste eit pensjonssystem med vinnarar og taparar. Vinnarane var stortingsrepresentantar, statsrådar og høgsterettsdomarar. Taparane var nesten alle andre – dei yrkesaktive som hadde tent opp tilleggspensjon frå 1967. Gruppa hevda at Folketrygda gjekk med overskot i forhold til det som var innbetalt. Mykje måtte rettast opp og Norsk Pensjonistforbud hadde krevande forhandlingar i åra som fylgde.

2008 må nemnast som eit år med siger for minstepensjonistane og Norsk Pensjonistforbund som hadde hatt arbeidd for denne gruppa i mange år. Det vart tillegg det året og protokoll med garanti om to ganger grunnbeløp for denne gruppa i 2010 og det vart innfridd!            

På landsmøtet i 2009 kom stasministeren med ein million kroner til forbundets satsing på den kulturelle spaserstokken! Forbundet endra namn til PENSJONISTFORBUNDET! Borge Rørvik frå Møre og Romsdal vart valt til forbundsleder og underteikna ei ny drøftingavtale med Regjeringa. Saman med namnebyte kom ein ny logo, ny profil og ny visjon: Trygghet, Livskraft og Initiativ! Det må og nemnast at Mons Sandnes frå vårt fylke var forbundsleiar 2005 til 2007! Borge Rørvik var forbundsleiar frå 2009 til 2015! Jan Davidsen er leiar no!

Molde Pensjonistforening har om lag 500 medlemer og er fylkets største lokalforening, men vi har plass til

Di fleire vi er, di sterkare er vi når saker skal takast opp!

 

fleire. Di fleire vi er, di sterkare er vi når saker skal takast opp! Vi har møta våre i  Rådhussalen. På møta har vi program med foredrag, sang og musikk og sjølvsagt mat og kaffi. Vi har lotteri og god prat kring borda. På førstkomande møte tysdag 7 februar kl 1700 står bruk av data på programmet. I tillegg er det musikk og sang med Odd Arne Halaas! Sjå annonse i RB! Vel møtt!

 Molde Pensjonistforening                                                                                                                       Ottar Befring,leiar

 

0 resultater