* Føredragshaldarane: Konsulent Hans Ekornholmen i Pensjonistforbundet i Oslo, pasient- og brukarombud Runar Finvåg i Møre og Romsdal fylkeskommune og konsulent Tommy Dahl i pleie- og omsorg i Herøy kommune.

Teknologisk framtid for dei eldre

Utfordringane i eldreomsorga vert stadig fleire. Om berre 10-15 år reknar ein med at Norge vil ha 50% fleire eldre over 80 år enn det vi har i dag. Korleis skal ein ta hand om desse? Aktivitetssenter og kvardagsrehabilitering kan begge bli viktige om kort tid. Men i tillegg skal dei eldre bli utstyrt med ei rekkje teknologiske duppedittar. Herøy er allereie i gang.

Sjå føre deg at lyset skrur seg på auto­matisk i det du står opp om natta, eller når du går inn i eit nytt rom. At tem­peraturen stiller seg inn etter kva tid det er på døgnet og kva for aktivitets­nivå det er i heimen din. Alle elektriske apparat i stove og kjøken skrur seg av når det vert natt. Vasstilførsla vert au­tomatisk stengd viss det vert registrert lekkasje på bad eller kjøken. Falldetek­torar registrerer om du fell og rørslesen­sorar varslar din kontaktperson dersom det går for lang tid utan at det har vore rørsle i huset eller leilegheita di.

For mange eldre i Norge er fleire av desse teknologiske nyvinningane al­lereie ein realitet. Det gjeld også elek­troniske hjelpemiddel, som komfyrvakt, varslande medisindosett, løysingar med nettbrett, dusj som skrur seg på av seg sjølv i det du går inn i dusjkabinettet, robotstøvsugar og omgjevnadskontroll.

Velferdsteknologi. Det var eit av te­maa då Eldrerådet og pensjonistlaga i Herøy inviterte til opplysingsmøte/seminar i Frikyrkja om utfordringar i eldreomsorga onsdag. Der kunne fø­redragshaldar Hans Ekornholmen frå Pensjonistforbundet i Oslo mellom anna fortelje at det stadig kjem nyvinningar innan elektronikk og teknologi, som kan gjere livet lettare for folk.

– Myndigheitene har sagt at alle kom­munar skal ta i bruk velferdsteknologi innan 2020. No er vi i ein fase der det er viktig å seie ifrå - både til eldre og til dei som vert eldre - at her er det store moglegheiter. Men dei skal også få vere med å bestemme sjølve. Difor har Pen­sjonistforbundet sett i gang ein offensiv der vi reiser rundt i heile landet og held føredrag og kurs, for å minne brukarane om at dei har rett til å vere med på å bestemme, men også at dei må snakke med kommunane og pålegge dei å ta i bruk velferdsteknologi, seier Ekornhol­men.

Dobling av eldre på 20 år

Velferdsteknologi er allereie ein viktig del av eldreomsorga i Herøy. Til dømes har kommunen teke i bruk tryggleiksa­larmar, fallsensorar og «sengesensorar» som registrerer om brukaren til dømes «bruker for lang tid på toalettet» om natta. I framtida vil slike hjelpemiddel bli stadig viktigare - og meir omfattan­de. Faktisk har vi ikkje noko val, skal vi tru Pleie- og omsorgskonsulent Tommy Dahl i Herøy kommune.

– I Herøy vil antal eldre over 80 år bli dobla frå 2020 til 2040. Med alderdom­men veit vi at det kjem funksjonsned­setting, og dermed vil det bli behov for fleire helsetenester. Men vi må prøve å finne ein måte å gi desse tenestene utan å auke dei ressursane vi har i dag, for vi har ikkje nok folk til å gjere jobben. Viss sjukepleiarane om 20 år skal ha ansvar for like mange pasientar kvar som det dei har i dag, vil to av tre nyutdanna og tilflytta utlendingar jobbe innanfor helse- og sosial-sektoren. Det vil seie at berre éin av tre vert igjen til å gjere alle dei andre yrka. Difor må vi sjå på måten vi jobbar på, seier Dahl.

Fryktar tap av menneskeleg kontakt

Men kva skjer med den menneskelege omsorga når velferdsteknologien for al­vor gjer sitt inntog? Og kva om teknolo­gien plutseleg sviktar? Ein av gjestane under onsdagens seminar uttrykte ty­deleg uro for slike effektar.

– Kva om straumen går? Kva skjer med alle desse elektroniske tinga då?, spurde han mellom anna.

– Ein del går no på batteri, svara Ekornholm.

Publikumaren heldt fram:

– Men viss vi tek i bruk alt dette, så treng vi nesten ikkje snakke ein gong, for teknologien gjer alt mogleg for oss.

Ekornholm svarte slik:

– Vi i pensjonistforbundet er opp­tekne av at «dei varme hendene» ikkje skal bli borte. Bruk av velferdsteknologi handlar ikkje om at kommunen skal spare pengar - heimesjukepleia og hei­metenesta skal halde fram - men dette vil gi moglegheiter når dei ikkje er der.

Til Vestlandsnytt seier Ekornholm at:

– Før eg sette meg inn i denne saka tenkte eg det same som mannen i salen. For der er nok av menneske som er ein­same, og vi treng ikkje at masse folk sit åleine med sine teknologiske dubedit­tar, og så kjem ingen innom og ser til dei. Dette er heller ikkje hensikta. Det viktige er at ein kan bli trygg i heimen sin gjennom heile døgnet - og ikkje berre i dei få minutta heimesjukepleia er inn­om i løpet av ein dag eller ei natt.

– Prisverdig seminar

* Gjestar: Irene Skjong, Anne Lise Hessen Følsvik, Arnfinn Larsen, Jon Skarvøy, Jakob Strand og Gjertrud Vik.

I pausen treff vi mellom andre Anne Lise Hessen Fløsvik frå pensjonistlaget i Giske og Arnfinn Larsen i Pensjonis­forbundet i Ålesund.

– Det er ganske prisverdig at Herøy kommune gjer dette, for desse temaa vert diskuterte, og det er viktig med omtale for å få fram engasjement, seier Larsen.

– Spørsmåla kring velferdsteknologi bør bli sett meir på dagsorden, for folk må bestemme seg for om dette er eit gode eller om det kanskje ikkje er så bra som trur, seier Fløsvik.

– Vart du motivert til å ta i bruk noko av den velferdsteknologien som vart pre­sentert i dag?

– Nei, men det kan hende at eg må gjere det likevel. Eg ser ikkje vekk ifrå at det kan bli obligatorisk, fordi kom­munane får mindre og mindre råd til å bruke folk. Eg er oppteken av at vel­ferdsteknologien må kome i tillegg til folk og hender, seier Fløsvik.

– Pårørande vert viktigare

Sjølv om velferdsteknologi kan vere til god hjelp for mange eldre, er det slett ikkje svaret på alle

* Pasient- og brukarombud Runar Finvåg i Møre og Romsdal snakka mellom anna om utfordringane i eldreomsorga og korleis pensjonistutvala og eldreråda kan vere med å setje fokus på desse.

utfordringane som følgjer med eldrebølgja dei neste åra. Pasient- og brukarombud Runar Fin­våg i Møre og Romsdal heldt føredrag om utfordringa i eldreomsorga, utfor­dringar som er og har vore i forhold til samhandlingsreforma og litt om korleis eldreråda og pensjonistutvala kan vere med på å setje fokus på ein del av utfor­dringane.

– Kommunen sin største utfordring er at dei må rekruttere fleire hender i eldreomsorga. Ein må også passe på at medarbeidarar har tilstrekkeleg kunn­skap og kompetanse for å ivareta pasi­entar og brukarar sin rett til informa­sjon. Medarbeidarane må også lytte til og involvere dei nærmaste pårørande, seier Finvåg og held fram:

– Vi er opptekne av at dei eldre skal ta ansvar og sjølv vere med på å ta avgjers­ler i forhold til eigen alderdom. Vi ser at der er store utfordringar i kommunane i forhold til å involvere brukaren og på­rørande når tenester skal bli tildelt. Det er eit tema vi jobbar mykje med, seier han.

Innfører «kvardagsrehabilitering»

Sist ut av føredragshaldarane var Tom­my Dahl i pleie- og omsorgsavdelinga i Herøy kommune, som snakka om kvar­dagsrehabilitering og kvifor det er vik­tig å kome i gang.

– Kvardagsrehabilitering er ei form for tenester som kan føre til at brukaren vert meir aktiv i sitt eige liv. Det heile startar med at ein stiller spørsmålet «Kva er viktig for deg no?» kontra «Kva er problemet ditt?» og «Korleis kan vi hjelpe deg?», som er den måten vi har jobba på i Herøy så langt. Med kvar­dagsrehabilitering prøver vi å legge til rette for at personen framleis kan vere i aktivitet og, med støtte, få til ting sjølv. Pleiaren står dermed i utgangspunktet og jobbar «med hendene på ryggen», men hjelper til ved å rettleie og motive­re brukaren. Dette skal skje i eit tverr­fagleg samarbeid mellom fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. I Herøy ser vi føre oss at det vert heimesjukepleia­rane som vert «trenarane» og som skal hjelpe og motivere brukarane til aktivi­tet, seier Dahl.

Skuffa over politikarane

Leiar i Ytre Herøy pensjonistlag og nestleiar i Herøy eldreråd, Terje Krog­set, er stort sett nøgd med oppmøtet på seminaret.

vi er litt skuffa over at politikarane var heilt fråverande

 

Terje Krogset

– Vi hadde godt oppmøte frå alle kom­munane på Søre Sunnmøre sine eldre­råd og pensjonistlag. Men vi inviterte også både helsepersonell og politikarar, og vi er litt skuffa over at politikarane var heilt fråverande, seier han.

Det kan ha samanheng med at Kom­munestyremøtet gjekk kl. 16:30 same kveld, og dermed starta midt under se­minaret.

– Men med tanke på at 20% av Herøy sin befolkning er pensjonistar, burde politikarane bry seg litt om oss, seier Krogset.

 

0 resultater