Novembermøtet 2016

Dagens hovudtema var  den historiske  utviklinga  som har ført fram til dagens barnehagar.

Leiaren  ynskte alle frammøtte velkomne til novembermøtet .

 Dagens hovudtema var  den historiske  utviklinga  som har ført fram til dagens barnehagar. Veronica Stene ville fortelje om dette. Musikarar var Magnar Vikanes og Kåre Myren. Opningssang var som vanleg Sangen til bygda. Karin Vestre hadde ord for dagen med tema fattig, kven er fattig ? Korleis kan alle etter evne hjelpe.

Barnehagehistorie

Veronica fekk ordet og ga eit historisk attersyn om korleis og kvifor barnehagar oppstod. Allereie i siste halvel av 1800-talet forma Frøbel  ein pedagogikk om å ta vare på leiken men få barna bort frå gata og lære dei  opp til arbeid og handverk. Dei fyrste norske «barneasyla», dei fekk det namnet , Hadde 100 barn og bemanning på 4 vaksne. Slike asyl vart drevne av idealistiske menneske som på eige initiativ reiste til Tyskland og utdanna seg i den Frøbelske pedagogikk. Dei dreiv verksemda under mottoet: «lære arbeidernes barn arbeid og dannelse.» Det viktigaste var nok å få barna bort frå gata. Utviklinga skaut fart etter at vi i 1975 fekk lov om barnehagar.

Fyrste etableringa i Ørskog var Daggry i 1977. I 1990 opna Årøyhaugen noko som ga ei dekning på 40%, i 2000 var dekninga oppe i 60%, i dag er dekninga 100%. Dagens Rammeplan for drift av barnehagar stiller store krav til læring gjennom leik, tur, musikk og friluftsliv. Barna må også få erfaring frå kvardagsliv og praktisk arbeid. Det er stort  fokus på kosthold og sunn livsstil. Rammeplanen gir også pålegg om å markere alle religiøse og kulturelle høgtider og merkedagar som er representert i barnehagen. I denne samanhengen er det foreldra som gir innspel om korleis dette kan gjerast. Som eksempel på dette nemnde Veronica Jule- og Påske-vandring  i kirka,  Id og Samefolkets dag.  Det var ei oppmerksom forsamling som lærde om moderne barnehagedrift. Takk til Veronica for ei god forelesing.

Din tanke er fri

Etter eit musikalsk innslag frå Vikanes og Myren song vi Din tanke er fri. Og Bordvers før matpausen. Snittar kake og kaffe smakte og praten rundt borda gjekk som vanleg livleg i pausen.

Haustkonferanse

Etter matpausen fekk sekretæren ordet for å orientere om Pensjonistforbundet sin haustkonferanse. Saker som er  viktige i samband med kommune- og region-reformen  er korleis sikre tilbodet til eldre i større

Det er eit prinsipp som seier at det er tryggast å være føre var.

 

einingar. Alle rettigheiter ein norsk borgar har, er gitt med bakgrunn i lov eller forskrift. Det kan stillast spørsmål om politikarar og den kommunale  administrasjonen har nok kjennskap til dette. Ein ser med stor uro på om- og utbygging av omsorgsbustader  og reduksjon av sjukeheimsplassar.   Det er kjent at talet eldre vil stige i framtida, sjølv om dei fleste greier seg sjølv er det statistisk bevist at 10% av dei eldre vil ha behov for omsorg på eit høgt nivå. 10% vil ha behov  for  hjelp utanfor institusjon, vi høyrer stadig oftare ordet  frivillig i samband med korleis det  framtidige helsetilbodet skal drivast. Helseministeren kallar det «Brukernes helsetjeneste» i regjeringa sin eldrestrategi er mottoet: « Delta og Bidra». Sentralt står begrepet Brukermedvirkning – kva er det ? Frivillighet? Det er viktig at flest mulig pensjonister melder seg inn i Pensjonistforbundet. Pr. i dag er det berre 14,9% av alle over 67 år i Ørskog kommune som er medlemmer.  Dersom langt fleire melder seg inn i forbundet vil dette gi langt større påvirkningskraft i arbeidet med å sikre at tilbodet er best mulig når behovet melder seg. Sjølvsagt vonar vi alle at vi skal være friske og sjølhjelpt heile livet, men det kan ingen garantere. Det er eit prinsipp som seier at det er tryggast å være føre var.

Etter denne orienteringa  sang vi Fager kveldssol smiler og formannen takka for frammøtet og ynskte alle vel heim.

 Re

 

0 resultater