Pensjonistforbundet med dei ulike laga i Vestnes hadde vervekampanje med god respons. Frå venstre Ansgar Misund - Vestnes Pensjonistlag, vidare Asbjørg Aas, sjølvutnemnt læresvein Svein Harneshaug og Karin Vik, alle frå Tom

Frivilligdag på Vestnes med karate, potet og tombola

- Det ser ut til at vi har funne ei form for framtidige arrangement i åra som kjem, seier Karianne Bergset Austnes, dagleg leiar i Frivilligsentralen på Vestnes.

- Det ser ut til at vi har funne ei form for framtidige arrangement i åra som kjem, seier Karianne Bergset Austnes, dagleg leiar i Frivilligsentralen på Vestnes.

Rundt 20 ulike lag og foreiningar hadde sett opp stand i Kjøpmannsgata og på Bryggetorget. Det såg dårleg ut med vêret frå morgonen av, men utover dagen klårna det opp og vart rett så fint haustvêr. - Vi måtte starte opp med underhaldning inne på Bryggetorget, men etter kvart kunne vi flytte aktivitetar ut i Kjøpmannsgata, seier Karianne Bergset Austnes. Frivilligdagen blir arrangert av Vestnes Frivilligsentral, i samarbeid med Vestnes Sentrumsforening.

- Vi er alt i gang med planlegginga til neste år, og datoen er allereie bestemt, seier Bergset.

Song og teater

 Etter at Bergset hadde ønska velkommen, overtok Tomrefjord Songlag med dirigent Jostein Maude stafettpinnen med songunderhaldning. Deretter held Røde Kors appell omkring haustens store innsamlingsaksjon, før Vestnes Teaterlag kom med ein smakebit på haustens teateroppsetning av Spelemann på taket. Her har teaterinteresserte verkeleg noko å sjå fram til.

Potet-test

 Frivilligdagen er blitt ein tradisjon, og trekker mykje folk til Vestnes sentrum. Ute i Kjøpmannsgata rusla folk mellom bodene og kosa seg. Ulike lag og foreiningar informerte om aktiviterar og tilbod. Kampsportgruppa til Vestnes Varfjell hadde oppvisning, og Vestnes kulturskule hadde danseframsyning.

Vestnes og omegn andelslandbruk hadde potet som tema, med test og smaksprøver på ulike slag økologiske potetar.

Vaflar og tombola

Vestnes Musikklag hadde rigga seg til med tombola, vaffeljern og 10 liter røre. Vaflane gjekk unna i stort tempo

- Moro med dugnad, og takk til alle som støttar opp om oss, sa styremedlem May Liss Taklo.

Pensjonistforbundet

Pensjonistforbundet hadde aktiv vervekampanje av medlemmar.Alle fire lag i kommunen deltok, Tomrefjord, Vestnes, Tresfjord og Vike. Minst tolv interesserte teikna seg som nye medlemmar.

- Det er vi godt fornøgde med, seier Svein Harneshaug i Tomrefjord pensjonistlag.

Hageomvisning Utanom aktivitetane i sentrum hadde Gamleskulens venner omvisning i den flotte hagen ved Frivilligsentralen. Der var også musikalsk underhaldning med Roger Lids kvartett.

 

0 resultater