Fylkesordførar Jon Aasen kjem til markeringa av Eldredagen som Stranda pensjonistlag steller i stand på kulturhuset.

Markerer Eldredagen 2016

Den 1. oktober er Eldredagen, og den vert markert i alle pensjonistlag i vårt område.

 

Stranda pensjonistlag slår på stortromma, og inviterer til fest i kulturhuset.

 –Alle matbedriftene i Stranda stiller, så det blir rikeleg med smaksprøver til dei som møter fram, lokkar leiar i pensjonistlaget Jeppe Jelle.

Ope arrangement

Arrangementet er gratis, og ope for strandarar i alle aldrar.

 –Alle er velkomne, og om ein ønsker å ta med barnebarn er det berre kjekt. Opninga vert føretatt av rådmann Åse Elin Hole, og vi får òg besøk av fylkesordførar Jon Aasen, fortel Jelle. Aasen er ikkje  ukjend for pensjonistlaget, han var med på julemøtet i fjor – og vekte åtgaum som ein veritabel skjemtegaukmed sine historier frå oppveksten i Vanylven.

–Det blir innslag frå kulturskulen, og ei filmavis frå «gamle Stranda» –ein film som har blitt digitalisert av Lars Jacob Skarbø, seierJelle. Programmet er lagt opp slik at det blir halvtime-bolkar med program frå scena, og så pausar kor folk kan gå rundt på kulturhuset og få seg smakebitar og ein drøs med kjende.

Fårikål

I Sunnylven fortel leiar Astrid Langeland i pensjonistlaget at det står fårikål på menyen på eldredagen. –Kjell Løseth frå Storfjordens  Venner vil kåsere for oss, fortel ho. Markeringa vil føregå på Peer Gynt-galleriet, kormedlemmar frå kulturskulen òg vil stå for ein del av underhaldninga. Sjølvsagt er det òg utlodding.

 –Det blir mykje å gle seg til, seier ho. –Det kjekkaste for oss er å kome ilag og vere saman. Det er tid for god mat og ein god drøs, smiler Langeland. Vi har tidlegare skrive om medlemsauken i Sunnylven – og sistenytt er at dei er 102 medlemmar. –Det er mange utlytta sunnylvingar som vil vere medlemmar,og det er kjekt, seier ho.

På bedehuset

Leiar i Stordal og Liabygda pensjonistlag AnnElise Dyrkorn og leiar i Norges pensjonistforbund Jan Davidsen under opplæringsdag for pensjonistlaga på Møteplassen i Stranda tidlegare.

I Stordal og Liabygda pensjonistlag blir dagen markert på bedehuset i staden for Stordalshallen, som opphavleg planlagt. –Det er konfirmantdag denne dagen, så vi blir på bedehuset. Ørskogkvartetten skal underhalde, og det blir utlodding og god mat, fortelleiar Ann Elise Dyrkorn.

Pensjonistforbundet i Noreg kan i år markere 65år.

0 resultater