Aktivitetssenter er eit særs godt forebyggande tiltak

ORIENTERINGSMØTE/SEMINAR OM UTFORDRINGAR I ELDREOMSORGA            HERØY FRIKYRKJE TORSDAG 27.10.2016 KL. 15.00 – 18.00

Herøy eldreråd og pensjonistlaga i Herøy kommune inviterer med dette eldreråda, pensjonistlaga og kommunale etatar/politikarar i kommunane på Søre Sunnmøre til orienteringsmøte/seminar om utfordringar som vi står framføre i eldreomsorga.

Herøy eldreråd og pensjonistlaga i Herøy kommune inviterer med dette eldreråda, pensjonistlaga og kommunale etatar/politikarar i kommunane på Søre Sunnmøre til orienteringsmøte/seminar om utfordringar som vi står framføre i eldreomsorga.

Kommunane må ta til å erkjenne utviklinga som er på gang med at vi vil verte 50% fleire eldre dei neste 10-15 åra og med det tenkje framtidsbehov for det sterkt veksande tal på eldre. Gjennom folkehelsetiltak og forebyggande arbeid skal eldre få meir hjelp og oppfølging i egen bustad etter behov. Utvikling av velferdsteknologi er difor høgt prioritert.

Kvardagsrehabilitering må kome i organiserte former. Alle eldre vil ha stor nytte av forebyggande folkehelsetiltak – også dei i omsorgsbustader og sjukeheimar.

I denne samanheng er det viktig at kommunane kjem i dialog med frivillige lag og organisasjonar som er villige til å engasjere seg i dette arbeidet og ta desse med i si planlegging.

Runar Finvåg

Til å sette fokus på desse utfordringane har vi fått etternemnde foredragshaldarar:

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal Runar Finvåg

Utvikling i eldreomsorga sett med «ombodsauge»
Samhandlingreforma
Pasienten i sentrum. Korleis kan ein påverke til endring og utvikling

Tone Bye

Prosjektleiar Tone Bye i Pensjonistforbundet

Morgendagens aktivitetssenter
Velferdsteknologi

Fysioterapeut Roger Kvalsvik

Kvardagsrehabilitering

 

Matykt

På grunn av matservering ber vi om påmelding innan 24.10. til konst. pleie- og omsorgsleiar Renathe Rossi-Kaldhol rrk@heroy.kommune.no

 

Med vennleg helsig

HERØY ELDREÅD OG PENSJONSITLAGA I HERØY

 

0 resultater