Skulemusikken skapte ei fin ramme om arrangementet.

AKTIVITETSDAG

Kvart år markerer Vadheim pensjonistlag verdens aktivitetsdag. Det vart gjort i år også 12.mai. I år var vi på Vadheim skule fordi det var opptatt på Tangen.

 Vadheim pensjonistlag bruker å m

Mat og drikke smakar

arkere verdens aktivitetsdag på torsdagen nærast 10.mai.  Dette gjer ein fordi skulemusikken har øving den dagen, og skulemusikken må vere med å setje ein spiss på arrangementet.  Slik var det i år også. Skulemusikken med aspirantar stilte villig opp. Dei starta med eit par marsjar, før det vart marsjering på gangvegen ned til hovudvegen og opp att. Resten av dei frammøtte laga baktroppen så det vart eit lite «maitog». Pensjonistlaget stilte med saft, kaffi og kaker så det var nok til servering både før og etter marsjeringa. Det vart ei koseleg ettermiddagsstund for dei som var frammøtte.

Litt kjølig, men fint likevel.

 

 

 

 

 

 

Aspirantane

 

 

 

 

 

 

Her er det aktivitet

0 resultater