Dansen gjekk så lystig at det var vanskelg å fange det på biletet.

BYGDEKVELD

Nesten 100 personar var med då det vart arrangert bygdekveld i Vadheim 29.april. Det var ein kveld med litt for einkvar smak, musikk , mat og dans. Folk i alle aldrar var påmelde og var med på å skape liv og moro. Når ein ser på programmet kan ein nesten seie det var bygdekveld med "brød og sirkus".

Kvelden starta med konsert ved Vadheim musikklag. Dei starta med sirkusmarsj, og det var med å setje stemninga. Endå meir sirkus vart det seinare i programmet deira då det dukka opp ein sjonglør som sjonglerte med ballar til musikken, overraskande og fint. Solist for kvelden var stortalentet frå bygda, Annika Beinnes. Ho framførte ein arie frå Puccini sin opera Gianni Schicci, "O mio babbino caro" og deretter "Sommernatt ved fjorden" av Ketil Bjørnstad. Det var vakkert og stemningsfullt. 

Pensjonistane sytte for maten..

Etter konserten var det tid for mat ("brød"). Det vart servert gryterett med salat og brød. Folk forsynte seg godt, og det kunne dei godt gjere, for maten var god. Måltidet vart avslutta slik det skal med kaffi og kaker. Det var rikeleg, og folk tok seg god tid og praten gjekk livleg.

 

 

 

..og folk koste seg

Det tok litt tid før spelemannen kom, men då vart det tid til andre kulturelle innslag også. Tretten unge gutar frå asylmottaket var også med. Dei sette sitt preg på kvelden. Det vart sang av ein flink, ung songar frå Afganistan. Fire andre viste fram dans, det også frå Afganistan. Det var fint å ha desse ungdommane med.

 

 

 

Unge og gamle svinga seg

Då spelemannen hadde rigga seg, vart det dans. Det var full fart på både gamle og unge. Det var solodans, pardans og ringdans så lenge det var folk att.

Bygdekvelden kom til som eit samarbeid mellom Vadheim pensjonistlag og Vadheim musikklag. I fjor hadde pensjonistlaget aprilmedlemsmøtet sitt 1. mai. Det vart vel motteke den gongen, så ein ønskte å gjere det i år også. Musikklaget hadde lyst å ta opp at tradisjonen med å ha eit arrangement og spele 1. mai. Dette kunne det kanskje vorte konflikt av, men ein vart for samde om at då var det mykje betre å samarbeide. Difor vart det både konsert og utvida "medlemsmøte" som vart døypt "Bygdekveld".

Kanskje det kan vere noko å gjere om att? Kven veit?

 

0 resultater