Frå april-møtet 2016.

Godt frammøte. Denne gongen var vi over 40 deltakarar.

Tosdag 21.04.2016 hadde Jølster Pensjoistlag møte i Helgatun i Årdalen. Denne gongen hadde vi besøk av Ottar Grepstad. Han er direktør for nynorsksenteret i Ørsta.
Ottar Grepstad reknar seg som jølstring då begge foreldra hans var jølstringar, men  han har aldri budd fast her i Jølster. Han fortalde om arbeidet ved nynorsksenteret og kva verdi dette senteret har.
Vel førti pensjonistar tok del i møtet, og då kaffien og svelekakene kom på borda gjekk praten godt. Olav Grimsbø  Spela til allsongen og Kolbjørn Bergset og Tollev Årdal var forsangarar.
Dette var siste møte før sommarferien. Neste møte blir til hausten.    - Knut-

 Aprilmøte

0 resultater