Datakurs på Thon Jølster hotell

Datakurs for lokallaga i publisering på heimesida

15 pensjonistar frå 10 lokallag møtte opp med stor entusiasje for å lære korleis ein skulle publisere artiklar og arrangement på heimesida til Pensjonstforbundet. 

Anny Urtegård og Bjarne Kalstad på Balestrand pensjonistlag

Den 03.mars hadde dagleg leiar Laila Hage datakurs for 15 personar som representerte 10 lokallag på Thon Jølster hotell.  Vi gjennomgikk korleis ein kunne skrive artiklar og lage arrangement på si eiga heimeside for sitt lokallag på www.pensjonistforbundet.no Vi ynskjer at så mange som mogeleg tek tak i heimesida si å får ho oppdatert med relevant informasjon. Vedlagt ligg foylane som vart brukt i undervisninga, så det skal vere enkelt for alle i styra rundt om å benytte seg av denne veiledninga, for å komme i gong på heimesida si. Nederst på heimesida ligg det også enkle snuttar, om korleis du skal gjere dette, under hjelpevideoar. Ta dykk tid til det alle saman.

Bergfrid Rønnekleiv, Bodil Strøm og Eiliv Berdal sit konsentert å pønskar på detaljer.

0 resultater