MØTE I AURE PENSJONISTFORENING 30. MARS 2016

Det var 19 frammøtte da leiar Karen Sundsby ønskte alle velkomne.

Det var 19 frammøtte da leiar Karen Sundsby ønskte alle velkomne. Ein serskilt velkomen til Ola Nedresæter, som hadde trekkspelet med seg. Karen Sundsby melde frå om at Johanne Skaret ikkje kunne møte, og at trimleiar Airin Engdal også hadde meldt fråfall. Vara for Johanne Skaret, Liv Klaksvik, var skrivar denne dagen. Etter opningssongen «Ver velkommen» las Liv Klaksvik til ord for dagen diktet «Den første løvetann» av Alf Prøysen. Sigrid Lien hadde skrive ei in helsing på dialekt til pensjonistvenene sine. Diktet heiter «Bessmorhender» og er ei hylling til ei kjær bestemor med åtte barn og 19 barnebarn.

Referat frå årsmøtet vart lese og godkjent utan merknad. Det var ingen saker frå Pensjonistforbundet eller andre til drøfting, så det vart god tid til song­ og musikkinnslag. Ola stilte villig opp og spela til songane, men han syntes at forsamlinga la for lite kraft i songen. Og det hadde han dessverre rett i. Det var kanskje for mange rustna røyster. Ola hadde mange fine musikkinnslag, kjente stykke frå kjente musikarar. Musikk liver opp. Pause med åresalg er fast innslag på møta. Oddfrid selde årer, og spennande gevinstar vart mange til del. Det kom inn 1.680 kroner til lagskassa. Etterpå var det quiz. Johanne Skaret hadde som vanleg funne spørsmål som skulle trigge minnet, m.a.o. hjernetrim. Hovedsaka for dette møtet var pensjonisttur.

Styret hadde bede Lars Fladseth frå Aure reiseservice A/S om å koma med framlegg om tur. Og Lars vart hjarteleg motteken. Han fortalde at Smøla pensjonistforening og Tustna pensjonistlag ønskjer å samarbeide med Aure pensjonistforening om felles turar. Alternativa var:

1. Dagstur til Brandal med Ishavsmuseet. Avreise frå Aure klokka 08.00 den 10. mai. Turen går via Molde, Ålesund med lunsj på Fjellstova på Ørskogfjellet og vidare til Brandal. Pris 1.550 kroner, alt inkludert.

2. Sjudagars tur til Lofoten og Vesterålen. Avreise frå Molde 25. juni. Turen går om Kristiansund, Aure, Trondheim og vidare nordover til Mosjøen. Neste dag går turen vidare til Kabelvåg med

innkvartering i rorbuer. Det blir utlukter til mange kjente turistattraksjoner. Pris 11.950 kroner, alt inkludert.

3. Femdagars tur til Bergen. Hurtigruta sørover og buss tilbake. Avreise 4. august. Pris 8.450 kroner, alt inkludert. 4. Firedagars tur til Östersund. Avreise frå Tømmervåg 11. august klokka 08.30. Diverse utlukter. Pris 4.690 kroner. Påmelding innan 1. juli.

Etter at Lars hadde orientert om turane, vart det litt mimring om tidlegare vellukka bussturar. Det kom fram leire pussige episodar som fekk fram latteren. Karen Sundsby takka Lars Fladseth og inviterte han til middag saman med forsamlinga. Men han hadde dessverre ikkje tid til det.

 Så var det middag. Aure gjestegård diska opp med steikt laks med rømme, agurk, gulrøter og potet. Dessert var sjokoladepudding med vaniljesaus og kaffe til. Spør om det smaka! Etterpå gjekk småpraten om påska som var gått, om turar vi skulle vera med på og andre aktuelle ting. Vi fekk svar på quizen, og dei leste visste det meste. Møtet vart runda av med trekkspelmusikk av Ola Nedresæter. Karen Sundsby takka så mykje for musikken og ønska han velkomen att på neste møte. Så takka Karen for frammøtet og ønskte alle vel heim.

 Liv Klaksvik,   skriva

 

0 resultater