Ein koseleg prat over kaffi koppen

Oktober møte i Pensjonistlageg 2012

Det var so lett og leve, hvis enhver på våres vei. Smilende kom oss i møte: jeg vet noe godt om dei. Men so si det , so jeg vet det. Dagen får litt mer kulør, du må leve mens du gjør det. Du må vise at du tør.

So har atter ein sommar forlate oss.  Ein sommar med lite sol men med mykje nordavind  og skodde.  So var det då bra, at vi kunne sessa oss i den lune  Pensjonist salen, og take til på ein ny bolk i laget.

Aure sør med Vik og Tynes hadde sett saman eit lødig program, denne fredagen den 19 oktober.

Johannes opna møte med og ynskja alle vel møtt.  Det har sidan sist vi var samla godt bort  fire medlemer:  Anna Haugen- Åse Tandstad- Øyulf Eliasen og Kari Espe.  Forsamlinga reiste seg og minnest dei stillheit.

Programmet  opna med at Johannes  las dikte : Det var so lett og leve.  Eit tankevekkande dikt som gjerne kunne stå som motto for laget.  Etter allsong som var godt  leia av Per Svein Tandstad med Øygun på piano.

Kirsti Vestre hadde ord for dagen.  Ho snakka om tida i barne skulen, ein forstod godt stemninga som rådde der,  at minna var mange og gode.

Per Svein har nett vore ein tur til Nepal, og i bilete og ord fekk vi høyre om turen.  Om høge fjell , store høgde for skjeller, som gjorde både opp turen og ned turen strevsam.    Per Svein  åtvara  mot, og legga ut på ein slik tur utan at forma er svert bra.   At opplevingane var mange var ein ikkje i tvil om,  trur nokk at han kunne halde på lenger, om tida hadde tillete det.

Mat høyrer med i gode lag, so ogso denne gangen.  Spele lysta vart og stetta,  årane var  selde og trakte i ein fei. Og mange fekk med seg ein vakker blome heim.

Flåens orkester er ein trufast deltakar på medlems møta.  Og til kjende tonar for tankane  til  den tid då medlemmane  var yngre,  ei koseleg stund.

Bladet kveldsol var  Målfrid Rye  redaktør for  denne gangen. Der det blant anna fekk høyre dikt av Jimmy  Øvredal  ein  lærar og diktar frå same område som  Målfrid .

Laget var på ein tredagars tur i sommar. Det var sers vellukka , laget  ville gjerne takke  med ein liten bukett blomar  til Målfrid Rye som hadde alt arbeide med turen.

Dagmar Tynes har leia trimmen  på onsdagane i ei år rekke.  No har ho fenge avløysing  laget ville takke for ein sers lang og trufast innsats for laget,  ein blomster bukett er vel fortent

Johannes takka for kvelden og minte om at ein måtte hugse Refleks.  Og med  songen  ”Den glade vandrar  ebba kvelden ut.

0 resultater