Godt søg rundt bordet. Dugnadsgjengen på Kyrkjesenteret hadde stelt fint i stand til møtet vårt.

Pensjonistmøte 17.3. på Kyrkjesenteret.

Hørsel var tema formøtet. Mange får svekka hørsel i alderdomen- aktuelt tema.

17.mars var det pensjonistmøte på Vassenden kyrkjesenter. Temaet for dette møte var Hørsel og problem for dei med dårleg hørsel.. Detter er nok dessverre eit problem som mange får i alderdomen.

Vi fekk ei grundig innføring i arbeidet til NHL, foreininga for dei som er hørselshemma, av Audun Nedrebø.  Nokre er uheldige og er arveleg belasta når det gjeld hørsel, Magne Sandvik er ein av dei. Han har hatt dårleg hørsel frå han var liten. Og han har sett utviklinga av hjelpemiddel for hørselshemma dei siste 50 åra. Det har vore ei formidabel utvikling. I dag har vi svært gode hjelpemiddel, og det er eit mangfald av forskjellige høyreapparat. Vi var godt informerte når desse to var ferdige med orienteringa.

Så hadde vi ei stund med kaffi, allsong og  åresal. Ronny Johannessen syng  godt, og han spelar både trekkspel og piano. Det var fint å høyre sangane han framførte. Særleg likte eg den songen om jølstravatnet til tonane av Lock lomond.

Så hadde vi meir allsong til tonar frå trekkspelet til Olav Grimsbø.

Neste Pensjonistmøte blir i Helgatun 21 april. Då kjem Ottar Grepstad, leiaren av Ivar Aasensenteret i Ørsta. Han vil fortelje om Ivar Aasen og arbeidet ved senteret.

 Magne Sandvik

0 resultater