Årsmelding 2015

Her kan du lese lagets årsmelding for 2015

 

Årsmelding for Aukra Pensjonistlag

 

Aukra Pensjonistlag har i 2015 hatt desse tillitsvalte:

 

Styret:

Leiar                       Rolf H Blomvik

Nestleiar             Margit Johansen

Sekretær            Olaug Eikrem

Kasserar              Arne Solem

Styremedlem  Gudleik Skeide

Varamedlemmer i numerisk rekkefølge:

                        Rønnaug Broks

                        Knut Julnes

                        Åshild Fanghol

Revisorar

                        Kjartan Rød og Per Jakob Sandøy, varamedlem Jarles Oterhals

Tur- og arrangementskomiteen

Leiar               Peder E Rindarøy

                          Åse M Sporsem

                           Håkon Eikebø

Valkomité

Kristian Vasdal, Olaus Småge, Signe Søreide, varamedlem Peder Rindarøy og Ingeborg Skeide

Aktivitet

Styret har i årsmøteperioden hatt 8 styremøter og handsama i alt 55 styresaker, mellom anna plan og opplegg for medlemsmøta, verdens aktivitetsdag og Aukradagane. Mange av medlemane var til stades på eldredagen. Det vart ikkje arrangrt kurs i pensjonistlaget sin regi i 2015.

 

Det har inklusiv årsmøtet vore arrangert 9medlemsmøter

Årsmøte 26.02.2015. Gjest Gossen Musikkkorps
Medlemsmøte 19.03.2015. Gjest Asbjørn Windstad. Film. Mellom anna frå Bjørnsund og Ona
Medlemsmøte 23.04.2015. Gjest «Elvis» Morgan Vøien med song og musikk i full «Uniform»
Medlemsmøte 28.05.2015. Gjest Torbjørn Grøvik og Torill Vassdal om høyrselshemming.
Medlemsmøte 18.08.2015. Gjest Ordførar Bernhard Riksfjord om eitt og anna – saker på gang i Aukra.
Medlemsmøte 22.09.2015. Gjest Arve Øverland om Havsnø Flaksalt og utvikling av bedrifta.
Medlemsmøte 20.10.2015. Gjestar Sangkammeratane med to avdelingar før og etter kaffien.
Medlemsmøte 17.11.2015. Gjest Asbjørn Windstad med film med intervju med Ottar Huse om faren. Teknisk feil på utstyr gjorde at slutten at kåseri
Medlemsmøte 22.01.2014. Gjest Peder Nedrelid som fortalte frå arbeidet sitt på Grand Canaria

Turar

Pensjonisttreffet på Vatne vart avlyst grunna for liten påmelding. Fellestur med Fagforbundet til Håholmen med middag og program i Saga Siglarhallen var vellukka, men det kunne vore enno fleire frå pensjonistlaget.

Julebord. Tillyst julebord 8.12.2015 vart avlyst på grunn av for lita interesse. Der var andre alternativ å melde seg på.

Representasjon

Leiar Rolf H Blomvik var åleine både på fylkesårsmøtet i mars 29015 og på høstkonferansen onsdag 14. oktober 2015.

Økonomi.

Leiaren vil kort kommentere økonomien i laget i tilknyting til årsrekneskapen for 2015.

Styret m/leiar takkar.

Styret takkar den enkelte for innsatsen og samarbeid i 205. Ein håpar på eit nytt og triveleg år i 2016. Leiar takkar sitt styre og andre bidragsytarar til medlemsmøta og anna.

0 resultater