Årsmelding

Årsmelding 2015

 

ÅRSMELDING FOR 2015 - VANYLVEN PENSJONISTLAG Følgjande har sete i styret for laget i 2015:

Leiar               Otto Drage

nestleiar        Johannes Fløtre

kasserer         Elsa Aaland

skrivar            Ragnhild Løvoll

medlem         Liv Kari Sandnes

vara             Liv B Osnes
vara             Halstein Ljosa
vara             Kristin Molvik

 

Revisorar       Knut B Sandnes og Petter Sommerset

vara             Per Thue
vara             Mattias Bakkebø

 

STYRET

Ein har hatt 5 styremøte. Desse har funne stad i eit av møteroma i rådhuset. Ein har behandla 14 saker. Sakene handlar om planlegging av lagsmøte, fordeling av arbeid, alternativ møteplass for lagsmøte, forslag på medlemmer til nytt eldreråd m.m.m

LAGSMØTA

Desse har ein hatt som før, første i ondagen månaden i vinterhalvåret, i hovudsak på Eidsåtun. Møtet den 10 mai var på verdens aktivitetsdag med deltaking av m.a. seniordansarane.

Det ligg ein del arbeid i å finne føredragshaldarar, musikarar og utøvarar til anna underhaldning. Forbausande mange er positive til å delta. Ofte utan krav om godtgjersle. Ein vil på denne måten takke alle bidragsytarane. Utan desse hadde alt arbeidet stoppa opp.

ANDRE AKTIVITETER

I juni leia Sigmund Vik ei fellesreise med Mørebil. Turen gjekk til Fyrmuseet i Dravlausbygda, Marin Harvest sitt oppdrettsanlegg i Steinsvika og sidan til Austefjorden og paddeskulpturen der. Vidare gjennom Kvivstunnellen til Grodås med middag på hotellet. Retur over Sæbø via Norangsdalen.

Laget har også føreslege medlemmer til Vanylven eldreråd.

 

REPRESENTASJON
Laget var representert på fylkeslaget sitt årsmøte i Molde av Johannes Fløtre og Elsa Aaland. Otto Drage og Elsa Aaland var utsendingar til den årlege haustkonferansen i Ulsteinvik. Otto Drage representerte laget på fylkeseldrekonferansen i Molde i september.

0 resultater