Årsmelding 2015

Her kan du lese lagets årsmelding for 2015

 

Årsmelding Tresfjord  pensjonistlag 2015

Det har i året vore eitt styremøte. Årsmøtet vart halde 6. februar. Knut Romestrand vart vald til leiar for eitt år.Det første medlemsmøtet var den 6.mars.  I alt vart det halde 7 møte. Alle møta har vore på Ridderkroa. Dessutan hadde vi julebord på Ridderkroa i lag med Grendalaget den 9. desember. Det var godt frammøte. Faste innslag er mat og åresalg.

Knut Romestrand var utsending til årsmøtet i Møre og Romsdal pensjonistlag.

Dei som har  vore på møta og gledd  oss med song og musikk dette året er  Britt Elise Skram, Ingrid Skavnes, Tuva Rypdal Hovden, gruppa «Litt tå kvart» med Odd Kåre Olafsen, Svein Falch, Hjelvikkoret «Godt humør», Kjell Arne Nakken, Paul Birger Tysnes, Magnar Vikenes, Kåre Myren, Peder Hjelvik, Nils Gjelsten.  Foredragshaldarar har vore Knut Flølo, Elisabet Sylte, Paul Birger Tysnes, Lars Fjørtoft, Øyvind Granberg, Terje Rekdal, Aud Sissel Suoranta og Sigmund Stene.

Dei tema som talarane tok opp var varierte, underhaldande og aktuelle.

Tresfjord pensjonistlag stod som arrangør for den felles bussturen som pensjonistlaga i Vestnes arrangerte til Nordmøre fredag 29.mai. Vi køyrde om Kristiansund vidare til Averøya og over Atanterhavsvegen heim. Vi var mellom anna innom Dødeladen i Kristiansund og Kvernes stavkyrkje.  Ein vellukka tur med gode tilbakemeldingar.

Den internasjonale aktivitetsdagen  var 12 . mai med besøk på Tresfjord museum, i kyrkja og vidare til kyrkjestova.

Den internasjonale eldredagen 1. oktober vart markert med middag , kaker og kaffi og underhaldning  for eldre frå heile kommunen i Tresfjord  fleirbrukshus 4. oktober. Tresfjord bygdekvinnelag var arrangør på oppdrag for Vestnes kommune og pensjonistlaga i Vestnes.

Pensjonistlaget hadde i 2015 25 betalande medlemmer.

 

                                                           Styret

0 resultater