JFull fart og stormande jubel rundt juletreetU.

JULETREFEST

Vadheim pensjonistlag har teke opp att tradisjonen med å arrangere juletrefest i romjula. Denne gongen vart det søndag som var 3. juledag. Det var mange som møtte opp og gjorde sitt til at det vart ein jublande fin kveld. 

 

Tett med folk rundt borda

Det har vore tradisjon i Vadheim å ha juletrefest i romjula. Tidlegare var det Saniteten som arrangerte. Etter at dei slutta, tok Pensjonistlaget tak og tok opp att tradisjonen. Dette året passa det å ta det 3. juledag. Det var ein søndag og skulle vere ein passande dag. 7. klasse ved Vadheim skule hadde pynta eit fint juletre. Ein gjeng medlemer sette fram stolar og bord i salen og  laga til snittar, pølser og kaker.

Folk i alle aldrar strøymde til, og det viste seg at det var laga til alt for få plassar. Det var berre å dekke på fleire bord og finne fram stolar. Til slutt var det bort i mot 100 personar sessa rundt borda.

 

Barnekoret, du verden så flinke.

Først var det litt program. Borgny Birkeland las eit stykke om juleførebuing i eldre tider. Deretter  var det barnekoret sin tur. Det var elevar frå Vadheim skule og andre barn som ville vere med i koret. Dei song tre songar frå repertoaret frå juleprogrammet til Vadheim skule. Det var vakkert å høyre på. Barna i Vadheim er svært flinke til å synge. Det var tårer i fleire auge. 

 

 

 

Juletregange med store og små.

Gang rund juletreet høyrer med på ein juletrefest, og det var ikkje vanskeleg å få folk med. Tre ringar måtte til. Jason Burn  sat ved pianoet og songen sto i taket. Ikkje alle hadde tekst å halde seg til, eller hugsa ting utanåt. Det gjorde ingenting for då var det berre å synge tra-la-la. Barna og ungdommane viste korleis det skulle gjerast og fekk det til å svinge.

Etter juletregangen var det mat. Det verka som folk sette pris på det dei fekk servert, for uroa breidde seg i kjøkengjengen då det begynte å minke på fata.  Det måtte sendast ut ein person for å skaffe ekstra  forsyningar. 

Etter nokre turar til rundt juletreet kom julenissen på besøk med sekken full av pakkar.  Han vart vel mottatt. Det vart avslutninga på ein fin ettermiddag.

Pensjonistlaget vil takke alle som hjelpe til og alle som møtte fram og gjorde juletrefesten til det han vart.

0 resultater