Solundheimen er fylkesvinnar

Solundheimen er fylkesvinnar i konkurransen «Gylne måltidsaugneblikk», og går vidare til den nasjonale konkurransen.
«Gylne måltidsaugneblikk» er ein landsomfattande konkurranse med søkjelys på eldre og ernæring på institusjonar. Initiativet kjem frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) ved Sylvi Listhaug.
Målet er å få fram kor viktig maten og måltidet er for helse og trivsel, og korleis dette kan medvirke til auka matlyst og atmosfære rundt bordet.

 Fagjuryen si grunngjeving for å kåre Solundheimen i Solund til vinnar i Sogn og Fjordane er:

1. God smaksoppleving

2. Servering på fat gjer at gjestane sjølv kan velje kor mykje mat dei vil ha

3. Det er ei god oppleving av samspelet mellom personale og gjesten under måltidet

4. Solundheimen nyttar fleire lokale råvarer

5. Solundheimen bakar alle brød og kaker sjølv.

Varm og fersk –God planlegging og førebuing gjer at maten er varm og så fersk som råd før servering. Kjøkkenet lagar ernæringsdrikk og tilpassar kosthaldet til bebuarar med særskilte behov. Kjøkkensjefen saltar og tørkar klippfisken sjølv og all farsemat vert laga frå grunnen av. I sesong vert det plukka bær og laga saft. God stemning mellom dei tilsette og leiinga gjev uttrykk for godt samarbeid på tvers av avdelingane, heiter det i grunngjevinga for valet av Solundheimen som fylkesvinnar.

Fagjuryen har hatt følgjande medlemer: Steinar Lindstrøm (kokk, lærarmedlem av Kokkenes Mesterlaug, konsulent/rådgjevar), Gry Tokvam (rådgjevar i folkehelse/ernæring), Per Kjelstad (leiar i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane) og Marit Hjortung (rådgjevar og prosjektleiar for konkurransen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane).

 

0 resultater