No må dei svare!

TIL DEI POLITISKE PARTIA OG ANDRE SOM STILLER LISTE TIL KOMMUNEVALET I GISKE 2015

Det nermar seg kommunevalet, og Valderøy Pensjonistlag har spørsmål dei gjerne vil ha svar på frå dei politiske partia og andre som stiller liste til valet i kommunen vår. Vi er opptekne av det som gjeld dei eldre i lokalpolitikken, og vil vite korleis partia og dei komande politikarane stiller seg til spørsmåla vi stiller her. Desse spørsmåla vil også bli gjort kjend gjennom lokalavisa, og svara må gjerne kome både i den og til oss.

Etter at det vart gjort vedtak om å omnormere institusjonane i kommunen til omsorgsbustadar, har vi få sjukeheimsplassar att. Og dei vi har, er alle skjerma plassar for demente. Kommunen har plikt til å gi eit fullgodt, samordna og fleksibelt tenestetilbod som skal ta vare på kontinuiteten i tenestane. Valderøy Pensjonistlag meiner dette ikkje er slik i dag, og at vi treng somatiske sjukeheimsplassar i kommunen.

Vil ditt parti/liste arbeide for at ei avdeling ved Giske omsorgssenter vert omgjort og opna som sjukeheimsavdeling?

Vi er kjend med at det i mange kommunar no er sett i gong arbeid med å opprette brukarutval for institusjons- og heimebasert omsorg. På Pensjonistforbundet sitt landsmøte 2015 vart det sett fram krav om at slike brukarutval skal bli lovfesta. Brukarutvala skal betre omsorgstilboda for dei det gjeld og for samfunnet. Slike utval er etter vår meining nyttige, i tillegg bør kommunen skaffe seg oversikt over etablerte organisasjonar i Giske som representerar dei eldre om dei ikkje alt har det.

Vil ditt parti/liste ta opp saka om å opprette brukarutval i vår kommune?

Fleire stadar i landet vert det no oppretta det som vert kalla Morgondagens aktivitetssenter. Dette er tenkt å vere ein møteplass der ein kan samle til dømes frivillegsentralar, folkehelsekoordinator, frisklivssentral og frivillege organisasjonar. Kva ein vil legge inn i eit slikt senter av aktivitetar må vere eit samspel mellom frivilleg sektor og kommunen. Poenget med dette er at ein får ein stad der ein har oversikt over tilboda som finst. Vi går ut ifrå at kommunen har ein vedteken plan for folkehelse, og at kommunen har etablert samarbeidsavtalar med frivillege organisasjonar om førebyggande arbeid.

Vil ditt parti/liste drøfte om ein kan få til eit slikt senter i vår kommune? Dersom kommunen ikkje har samarbeidsavtalar, vil de sørge for at dette kan bli gjort?

Vi er kjend med at det kan vere svært lang ventetid for behandling ved fysioterapiklinikkane i Giske, dette gjeld for både kommunale og private fysioterapeutar.  Kvaliteten på desse tenestene, er etter vi kjenner til det, svært god, men det er for få fysioterapeutar. Slik behandling er viktig både ved rehabilitering og andre situasjonar, og lang ventetid reduserer både livskvaliteten og høvet til å bli frisk av plagene ein treng behandling for.

Vil ditt parti/liste gjere noko med denne situasjonen som gjeld svært mange av innbyggarane i kommunen?

Tidlegar i sommar kom det eit utspel frå Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug der ho inviterte alle sjukeheimane og institusjonane i landet til ein konkurranse om matglede for eldre for å auke merksemda om maten og måltida si betydning for eldre. Alle ordførarane i landet fekk brev frå ministeren der ho bad dei om å engasjere seg for å betre institusjonsmaten. Listhaug meiner det ligg mykje god helse i god mat og hyggelege fellesmåltid, matglede er god eldreomsorg seier Sylvi Listhaug.

    Giske kommunestyre har vedteke felleskjøken ved Giske omsorgssenter for alle institusjonane og dei heimebuande som kjøper mat frå omsorgssenteret.

Har denne ordninga vore evaluert og kva svar gav ei slik evaluering? Har utspelet frå matministeren vore drøfta i kommunen, og har ordføraren engasjert seg i saka?

Vi minner partia på at vi er mange eldre i Giske kommune, og vi representerar mange røyster i valet. Vi ser fram til å få svar på spørsmåla våre før vi skal gå til urnene med røystesetelen vår. Desse spørsmåla vert gjort kjend gjennom Øy-Blikk og lagt ut på heimesida vår. Svara kan vi få anten gjennom avisa, eller direkte til oss. Svara vert og lagt ut på heimesida til pensjonistlaget.

Godt val!

Med venleg helsing

Valderøy Pensjonistlag v. styret

 

0 resultater