Nokre av  dei frammøtte

MEDLEMSMØTE 25. JUNI

Tradisjonen tru var det medlemsmøte siste torsdag i månaden. Over 25 av medlemene var med.

Det vart tent lys og halde eitt minutt stille til minne om medlemer som var gått bort.

Anna Sofia Skaar var utsending frå Sogn og Fjordane på landsmøtet på Gardermoen i byrjinga av juni.Ho fortalde om det viktigaste som var opp på møtet. Det vart vedteke fleire resolusjonar. Forbundet vil ha forhandlingsrett i trygdeoppgjeret og ikkje berre drøftingsrett. Realløna gjekk ned for pensjonistane som einaste gruppe. Det er også krav om at minstepensjonen vert auka. Det er 50000 eldre som lever under fattigdomsgrensa. Forbundet krev også at regjeringa garanterer for trygg alderdom, og at det vert kravd vandelsattest for alle som arbeider i eldreomsorga.

Jan Davidsen er vald til ny leiar i Pensjonistforbudet. Han er opptatt av at Pensjonistforbundet kjem meir pram i media.

Dataopplæring var også tema på møtet. Ein vil setje i gang kurs til hausten. Det vart delt ut eit skjema der interesserte kan krysse av kva dei kan tenkje seg å lære. Det kan då vere utgangspunkt for å lage grupper. Skjemaet kan leverast til Oddfrid. Ho har fleire skjema for dei som er interesserte.

Kvelden vart avslutta med mat og åresal.

 

Sitat-tekst

 

Sitat opphav

 

0 resultater