Aktivitetsdag på Tangen. Kaffi, vaflar og prat høyrer med.

AKTIVITETSDAG PÅ TANGEN
 

7. mai arrangerte Vadheim pensjonistlag aktivitetsdag ved skytebana på Tangen.

 Det var mange som møtte fram, både pensjonistar og andre. Det var litt kaldt, men bak veggane på skyttarhuset var det ly. Der var det fint å kose seg med kaffi og vaflar. Skulemusikken kom også marsjerande, og dei heldt ein liten fin kosert. Tusen takk til skulemusikken som avsåg tid i øvinga til 17. mai.  Etter musikk, kaffi, vaflar og prat var det tid for trim rundt løypa. 

Takk for eit fint arrangement til alle som deltok.

 

Vaffelproduksjon så det "osar".

 

 

Vadheim skulemusikk i anmarsj i løypa.

0 resultater