Årsmøte avholdt 3. februar 2015

Ingen endringer i styret på årsmøtet

 

Årsmelding for 2014.

Styret.

På årsmøtet den 4. februar 2014 vart desse valde som styremedlemer: Leiar: Ruth Berg. Nestleiar: Ingvar Omenas. Kasserar: Signe Aspehaug. Sekretær: Bjørg Seljeflot.

Styremedlemer: Greta Mauren, Jon Lange og Nils-Edvard Selliseth. Varamedlemer: 1. Kjell Hole. 2. Gerd Magerholm.

Møte.

Vi har i 2014 hatt eitt årsmøte og åtte medlemsmøte med i snitt 99 frammøtte. Vi har hatt fire temamøte dette året.

1.april: Bjørn Ødegaard viste film og fortalde om Nepal med vekt på misjon og hjelpearbeid.

6.mai: "En organisasjon i endring ," ved Odd-Roe Skogen.

3.juni : I høve Grunnlovsjubileet hadde Harald Kjølås eit kåseri med tittelen

"Tingmannen 1814."

7.oktober: Konsert/underhaldning med Vidar Lønn-Arnesen og Philip Kruse i høve Prøysenjubileet.

I våre 11 styremøte har vi behandla 34 saker.

Den 7. januar hadde vi juletrefest i Spjelkavik kyrkje, der 8o møtte fram. Den 21.november inviterte foreninga til julebord i Ålesund Jeger og Fiskerforening sitt klubbhus. 45 påmelde deltok på festen.

Laurdag 10. mai var det lokal markering av Verdens aktivitetsdag for eldre . Aktivitetsdagen vart arrangert på Tueneset i samarbeid mellom Spjelkavik og omegn Pensjonistforening, LHL Ålesund, Sula og Giske, Sammen i Friluft og Ålesund Eldreråd. Omlag 150 personar hadde ein strålande dag i det fine veret.

Tre medlemer frå vår forening var utsendingar til Fylkesårsmøtet på Molde denl2. og 13. mars.

Eldretreffet i 2014 vart arrangert på Kleive den 24. mai, med 9 deltakarar frå vår forening.

Haustkonferansen 2014 vart arrangert på Colour Line stadion i Ålesund den 10. oktober. Fire medlemer frå vårt styre var utsendingar til møtet.

Turar.Femdagarsturen som skulle gå til Sogndal,måtte avlysast på grunn av for lite påmelding.

Dagsturen gjekk til Runde og Brandal den 19. august med 40 påmelde.

Aktivitetar.

Det er tradisjon at Foreninga har dugnad på Seniorsenteret over to dagar med rydding til 17. mai.

Spjelkavik og omegn Pensjonistforening stilte ikkje opp i 17.maitoget dette året.

Seniorsenteret har aktivitetsdagar gjennom året, der det er lagt opp programpostar med t.d. song, ulike konkurransar og matservering. Ein del av våre medlemer er med og hjelper til. Sosialaften har ikkje vore arrangert i 2014.

Spaserstokken har hatt 41 turar med oppmøte i snitt 24 personar. Vi hadde ein fin sommar med mange gode turar både i nærmiljøet og til meir fjerne stader. Vi går tur, kosar oss og syng til Arne Kleiven sin trekkspelmusikk. I 2014 var det 47 påmelde, og 42 gjennomførde kravet til medaljer,pins eller diplom.Sparebanken Møre står for bevertning og utdeling av premiane kvart år.

Økonomi.

Kasserar Signe Aspehaug har lagt fram ei oversikt over bruk av pengar i året som gjekk.Det viser seg at vi har fatt inn til saman kr.45.453. i forskjellige gåver og tilskot.

Men vi har og sponsa medlemene med kr.59.233.-, så vi har brukt ca. kr.14.000.- av kapitalen.

Møtet med Bjørn Ødegaard den 1 .april hadde eit underskot på kr.1.650.-. Aktivitetsdagen den lO.mai kosta foreninga kr.2.153.-. Seniorsenteret fekk kr.2.000.- til utandørs planting før 17. mai. Avbestillinga av 5-dagarsturen til Sogndal kosta foreninga eit avbestillingsgebyr på kr.10.400.-

Dagsturen til Runde og Brandal vart sponsa av foreninga med kr.7.800.-Konserten med Vidar Lønn-Arnesen i oktober gjekk med kr.6.849.-i underskot. Julebordet den 21 .november hadde eit underskot på kr. 7.531.-Styrehonorar er betalt med kr. 15.000.-

(På møta den 7/10 og 1/4 hadde vi større - og dyrare matservering enn ellers.) Medlemstal.

Pr. 31.12.2013 hadde foreninga 310 medlemer. Tilgang i 2014 var 29, og avgang var 32 medlemer.

Medlemstalet i Spjelkavik og omegn Pensjonistforening  pr. 31.12.2014 er dermed 307.

Vi takkar medlemene for godt frammøte og god hjelp i 2014!

Styret.

0 resultater