Ved Hornindalsvatnet ligg Holmøy Arbeidsskule

Ein flott aktivitets- og turdag 10.mai

Vi ynskjer å ha alle med oss på tur og i aktivitetar. Med ein busstur til Hornindal og vidare til Volda gjennom Kviven vart vi mange. 

Aktivitetsdagen var kunngjord i avisa og med plakatar, og  var open for alle.

Vi brukte lokalkjende personar frå styret til å guide i bussen og i Volda. Vi køyrde frå Stadlandet kl.10 med kurs for Holmøyane . Der ligg det som i si tid var Arbeidsskulen, der folk fekk  førsteklasses opplæring i handverk. Hadde ein gått på Holmøyane, var det bevis på at ein verkeleg kunne sine ting. Denne skulen var i drift fram til 1965 og det var rift om plassane. Det var tre linjer: Smed, målar og snekkar. Den var privateigd,og no fekk vi ei framifrå guiding av ein av etterkommarane til dei som starta skulen. No tok han oss alle med på ein times reise i ei spennande soge.

Deretter venta god heimelaga middag på Raftevold hotel med noko vandring etterpå før vi sette oss i bussen og køyrde gjennom tunnelar gjennom Kviven. Effektivt, men ikkje noko særleg utsikt. Vi la og merke til dei store naturinngrepa som har endra Austefjorden.

I Volda brukte vi ein times tid på å sjå oss rundt. Den medbrakte kringla og kaffien fekk vi fortære i Bedehuset på Dravlaus.

Vel heime att gav deltakarane uttrykk for at dette hadde vore ein dag som gav dei påfyll bådefysisk og mentalt, nok vi alle treng. 

0 resultater