Skodje Pensjonistlag

Årsmøte 2017

Årsmøtet vart avholdt 23. februar 2017

Laget sin kulturkalender for 2017 er sendt ut

Eg syner her til dei einskilde aktivitetane



Kalender

26.oktober 2017

SENIORTREFF PÅ GOMERHUSET OLAV STEDJE - GLA`JAZZ M/SULA TRADBAND - OG MED KAMERA I HAVET

SULA TRADBAND

har eksistert i over 30 år. Bandet opptrer i forskjellige festlege samankomster, og musikarane er erfarne utøvarar på instrumenta sine, heilt attende til 1950/60 talet. Alle er eit resultat av utklekningsanstalten i musikklivet i Sula/Langevåg der det har vorte dyrka fram ein heil del musikarar som er vide kjende. Sula Tradband spelar bandet trad, musikk i kjendt New Orleans stil, (Gla Jazz). Vi håper publikummet vårt på Seniortreffet på Skodje vil like musikken vår.

 

MED KAMERA I HAVET
Og det er dit Lill Haugen frå Ørsta, dreg når ho skal ta natur- og dyrebilder. Hittil har det vorte tusenvis av undervassfoto, dei fleste av dei rett utanfor norskekysten. Haugen har rundt 100 dykk i året, og kameraet er med ho kvar gong ho dykker. Lill Haugen har vunne fleire internasjonale fotokonkurranser, samt NM i undervassfoto heile tre gonger, og ho fekk sølvmedalje i VM i Tyrkia i 2011. Dei beste motiva fnn Lill i dei Sunnmørske fjordane, og Mørekysten. Haugen har og med seg ei lita utstilling som ho skal vise under Seniortreffet, her vert det og bilder frå dykking i Skodjestraumen. Det vert og salg av bilder.

 

OLAV STEDJE
er ein folkekjær artist som har halde på med musikk sidan ungdomstida, og som har fargelagt radio- og TV, i heile Norge med sine vakre ballader og sin særeigna Sogndalsdialekt. Olav Stedje er kjend frå ei rekke innspelingar av musikkalbum, 6 sølvplater og fre deltakingar i Melodi Grand Prix. Debutalbumet ”Ta meg med” resulterte i fleire Norsktoppplanseringar med hiter som ”Vi vandrar saman” og ”Når ho er hjå meg”. Programmet tek for seg Stedje si karriere, med muntre historier og kjende songar. Den varme stemma er framleis like god og trollbindande.
 

 

Sted

Gomerhuset, Skodje

Tidspunkt

18:00 - 21:00

Påmelding

Bill. kr. 200,- kan kjøpast på www.gomerhuset.no, eller i tlf. 70 24 41 90, eller v/inng. frå kl. 17.00.
Dørene opnar kl. 17.30.

Ledsagerbevis.

Kafe.

Alle er hjarteleg velkomne.
 

Mer informasjon

30.november 2017

”DEN HISTORISKE GARDEN SOLNØR” OG SONG OG MUSIKK V/SØSTRENE HILDEGUNN OG MARIE

 Johan Chr. H. Daae Qvale fortel historia om Solnør Gard. Om korleis familiane Daae og Daae Qvale overtok og utvikla
garden frå 1820 og fram til 1970.

 

Marie Signe Nitter Ulvestad er 30 år og utdanna psykolog, systra Hildegunn Garseth Ulvestad er 28 år og utdanna logoped. Begge har spelt og sunge saman sidan dei var småjenter. For tida syng dei saman med ”The Cant Hardly Playboys”. Systrene tek på seg diverse trubaduroppdrag, og då ofte med meir tradisjonell norsk musikk. Frå dei to starta og fram til no, har dei vore gjennom ei heil rekke ulike sjangere. Hildegunn har m.a. spelt i rockeband, og Marie har sunge i elitekor i Bergen. Begge to har mykje glede av songen og musikken, og stortrivst med å ha musikk som hobby.
Dei to jentene kjem frå Ørskog.
 

Sted

Klubbhuset, Skodje Idrettslag, 2dre etasje

Tidspunkt

17:00 - 20:00

Påmelding

 Bill. kr. 70,-.

Mat og kaffe – Åresal – Allsong – Musikk: Kåre Myren.


Alle seniorkveldane våre er opne for alle interesserte.

Mer informasjon

14.desember 2017

Julebord 2017

Avreise frå Coop Extra, Skodje kl. 17.00.
Bussen går om Valle, og er ved Flåthe Trevare ca kl 16.40.


Julebuffet, underhaldning, bløtkake og kaffe.
 

Sted

Coop Extra, Skodje

Tidspunkt

17:00 - 22:00

Påmelding

Pris for medl. kr. 350,-.  Ikkje medlemmer kr. 500,-.
Påmelding innan 11. desember til Gerd Karlsmyr, tlf. 92 29 04 83, eller til Paul Birger Tysnes, tlf. 41 23 51 88.
 

Mer informasjon

Kontakt foreningen

Styret

Leder Torunn Mølsæter
ingemol@mimer.no
Nestleder Rønnaug Otterlei
ronnaug2009@hotmail.com
Kasserer Karl Gudmund Helland
kg@kghelland.no
Sekretær Paul Birger Tysnes
pabtysn@online.no
Varamedlem Gerd Karlsmyr
g-karlsm@online.no
Dataansvarlig Karl Gudmund Helland
kg@kghelland.no

Kontaktinformasjon

Telefon 90516423
Adresse Skodje Pensjonistlag
Torunn Møllsæter
Vestliv. 2
6260 SKODJE
Org. nummer 911823209
Bankkontonummer 39013042717
Send en melding til foreningen

Kontakt foreningen

Lukk
Send meldingen

0 resultater